NM bronse til Andrew!! (03.04.2012)
Under NM del 2 i Fauske tok Andrew Musgrave sin andre NM-pallplassering for sesongen!!
Saman med sesongens store NM-løpar Martin Sundby gjekk desse to kapasitetsløparane seg inn til bronsemedalje!
Les mer
Seier til Ånund i Red Bull Nordix! (27.03.2012)
I helga vart det arrangera fleire alternative skirenn i Oslo. Blant anna skicrossarrangementet Red Bull Nordix i Holmenkollen.
Her vart det siger til skikunstnaren frå Høydalsmo Ånund Lid Byggland. Han gjorde som sine forfedre frå Telemark som valfarta til hovudstaden for å kappe på ski tidleg på 1900-talet - og vann!
Vi gratulerer Ånund og ønsker han og Team Hovden lykke til i NM i Fauske til helga!!
Les mer
Team Hovden imponerte i Birken! (21.03.2012)
Lørdag vart det tradisjonsrike Birkebeinerrennet avvikla. 54 km frå Rena til Lillehammer har gjennom mange år nå vore ei manndomsprøve for alt frå verdenscupløparar til finanseliten!
I klassen 20-24 år hadde Team Hovden 3 representanar topp 10!
Les mer
Ånund og Kathrine i World Cup! (07.03.2012)
I dag kl 1400 startar prologen for verdenscupsprinten i Drammens gater! Her har Team Hovden to representanter med - Ånund Lid Byggland og Kathrine Harsem! Stay tuned for updates og send dine lykkeønskingar via epost, telefaks, twitter eller gjennom englar slik vår prinsesse velgjer å gjere....
Les mer
Mussy og Kathrine i U-23 VM i Erzurum! (21.02.2012)
Under dagens sprint i U-23 VM i Erzurum, Tyrkia, var Team Hovden representert med 2 deltakarar. Andrew Musgrave vart til slutt nummer 9, etter å ha blitt slått ut i semifinalen. Katrhine vart nummer 8 etter også å ha vore uheldig i sitt heat.
Les mer
Katrhine Harsem til U-23 VM i Tyrkia! (07.02.2012)
Team Hovdens Kathrine Harsem vart i dag teken ut til å representere Norge under U-23 VM i vintersportsnasjonen Tyrkia. Her er ein heil tropp teken ut for å kjempe mot verdens beste U-23 løparar, samt å lære seg kunsten å lage kebab og ikkje minst perfeksjonere kunsten - å prute! Vi ønsker Kathrine lykke til med sine førebuingar til dette mesterskapet og håper at lykken står ho bi!
Les mer
Team Hovden med eit godt NM på Voss! (30.01.2012)
Norgesmesterskapet i langrenn vart forrige veke avvikla på Voss! Her hadde Team Hovden gode dagar med torsdagens distanse i friteknikk som vekas høgdepunkt! Andrew Musgrave kjempa seg inn til 2. plass bak vinnar Martin Sundby - vi gratulerer!
Les mer
Andrew nummer 4 på BUL-sprinten! (02.12.2011)
Sesongen er no for alvor sparka igong og Hovden sine representantar har pakka i bilar og korger med kurs mot Beitostølen! Vår skotske venn Andrew Musgrave dunka seg i mål på ein flott 4. plass!
Les mer
Team Hovden med 4. og 6. plass i U23-VM! (27.01.2011)
Det var Thomas Vestbø og Andrew Musgrave som stod for bragden på dagens 15-km friteknikk i Otepää. Med Thomas på fjerdeplass og Andrew på sjetteplass, må nok dette vere den største dagen for Team Hovden nokonsinne!
Les mer