|
|
Ånund vann Red Bull Nordix! Seier til Ånund i Red Bull Nordix!I helga vart det arrangera fleire alternative skirenn i Oslo. Blant anna skicrossarrangementet Red Bull Nordix i Holmenkollen. Her vart det siger til skikunstnaren frå Høydalsmo Ånund Lid Byggland. Han gjorde som sine forfedre frå Telemark som valfarta til hovudstaden for å kappe på ski tidleg på 1900-talet - og vann! Vi gratulerer Ånund og ønsker han og Team Hovden lykke til i NM i Fauske til helga!! Finalen i Red Bull Nordix vart vunnen av Team Hovdens Ånund Lid Byggland. Her kjempa han seg gjennom kular, staup og hopp og distansera
resten av finaleheatet som bestod av Phillip Furrer, Markus Svelander og Adam Johanson utan nevneverdige problem!
Storløparar som Petter Northug, Markus Hellner og skikunstnaren Andrew Newell måtte bite i støvet av guten frå Høydalsmo!
Resultater og ei reportasje finn du her:
http://www.langrenn.com/red-bull-nordix-med-aanund-lid-byggland-oeverst-paa-seierspallen.5036518-1743.html

Slik ser ein stortevlar frå Telemark ut av idag - ikkje ulik Sondre Nordheim, men med glasfiberski og solbriller...
Utskriftsversjon
|
Setesdal vgs
Avd. Hovden
Boks 93
4756 Hovden
Tlf 94 50 69 70
Fax 37 93 96 61
|