Andrew med bronse i teamsprinten i Fauske

    NM bronse til Andrew!!

    Under NM del 2 i Fauske tok Andrew Musgrave sin andre NM-pallplassering for sesongen!!
    Saman med sesongens store NM-løpar Martin Sundby gjekk desse to kapasitetsløparane seg inn til bronsemedalje!

    NM-stafetten vart vunne av brødrene Gløersen frå Rustad IL som spurtslo Skogn med Johan Kjølstad og ankermann Eldar Rønning. Etter mykje klabb og babb i finaleheatet - der Andrew utførte ein spektakulær manøver for å halde seg på beina og Røa med i medaljekampen enda det til slutt godt med medalje!
    Andrew sin gode sesong har ikkje gått ubemerka hen i langrenns-Norge. Med sin "kjøre på" holdning, offensive gåing og gode humør har han vore ein utmerka ambassadør for mykje av dei verdiane Hovden skigymnas og Team Hovden står for! Vi vil med dette gratulere Andrew og Team Hovden med ein flott gjennomført sesong - der dei har ete kirsebær med gode løparar og vist seg fram ved kvar mulighet dei har fått - ein imponerande gjeng med skiløparar som har vore morosame og inspirerande å følge!

    På lørdagens 50km imponerte Espen Frorud stort med sin 14 plass! Førsteårssenioren har hatt ein solid sesong og avslutta 5-mila som nest-beste U-23 løpar! Me gleder oss med Espen over den gode utviklinga han har hatt denne sesongen - vel fortjent! 

    Heilt til slutt vil me også gratulere sjefen for dei gode tidene - Bernt Rusten, med gode resultater og flotte opplevelsar gjennom mange år! Bernt har no søkt permisjon frå Hovden-systemet og skal begynne som administrasjons sjef i Hordaland skikrins fom 1. mai! Ein solid tilvekst til Hordaland - eit stort savn for Hovden! 

    Vi takker alle på Team Hovden for ein fantastisk sesong! Ta ein velfortjent påskeferie!

     
    Det påstås at Andrew skal vera tidenes skiløpar i Great Britain, det er difor han har fått ei så fin blomsterbukett!



    Utskriftsversjon Utskriftsversjon



    Hovden, VGS, Aktuelt
     

    Setesdal vgs 
    Avd. Hovden

    Boks 93

    4756 Hovden

    Tlf 94 50 69 70

    Fax 37 93 96 61