Post og Dalen i EM i vintertriathlon

Post og Dalen i EM i vintertriathlon

Tone Dalen tok med seg to gull frå juniorklassen i EM i vintertriathlon. Også Arne Post fekk med seg to medaljar heim, ein sølv og ein bronse.


EM i vintertriathlon gjekk føre seg på Lygna i helga. Laurdag var det individuelle distansar og her kapra Tone gullmedalje medan Arne Post tok ein sterk sølvmedalje. Søndag var det stafettar, og der fekk Tone sin andre gullmedalje. Arne gjekk sisteetappe på norges førstelag og gjekk laget inn til bronse.


Tone Dalen er god både på sykkel og på løp og på ski.