Hovden Skigymnas med pallplasseringar på Junior-NM Stryn

Hovden Skigymnas med pallplasseringar på Junior-NM Stryn

I helga var det junior-NM i Stryn. Og som vanleg pleier ein å finne skigymnaset representert på startstrek. Mange av løparane gjekk veldig fort.


Junior-NM i Stryn var eit nærmast prikkfritt arrangement der været bidro til å legge ei fin ramme rundt dei tøffe løypene på Ullsheim. Hovden Skigymnas reiste som i fjor saman med Agder og Rogaland skikrets, og vi hadde fine dagar på Nordfjord Hotell. På torsdag vart det gått klassisk langdistanse. Her stakk Maiken Caspersen Falla av med ein bronsemedalje i eldsteklassen J19/20, som gjekk 15 km. I G19/20, 20 km,  hadde vi to topp 10 plasseringar, der Espen Frorud fekk 6. plass og Andrew Musgrave fekk 7. plass. I yngre junior havna vi såvidt utanfor topp 10 då Jonas Frorud tok 11. plass i G18, 15 km og Vegard Bø Marthinsen fekk 18. plass i G17, 10 km.


Espen Frorud har gått seg jamt inn på topp 10 i den tøffe 19/20 årsklassen, og gjekk veldig fort då han torsdag tok ein 6. plass i junior-NM 20 km klassisk.

Laurdag var det på tide å skøyte litt, og der har vi vist tidligare i år at vi er ganske så flinke. Kult var det då at Andrew Musgrave, i konkurranse med fleire 100 nordmenn vart den som skøyta 10 km fortast. Han var også einaste skotte med, så ein kan seie at rekrutteringa i Skottland er tynn, men kvaliteten god. Han slo Finn Hågen Krogh, som vart norgesmester, med 2 tideler. På sølvplass kom ein Telemarkshelt, Ånund Lid Byggland, frå Team Hovden og Hovden Skigymnas. Ein fantastisk prestasjon frå ein som har funne skøyteformen overraskande bra i vinter. Espen Frorud fulgte på med ein 10. plass. I G 18 revansjerte Sindre Høgset 77. plassen frå torsdag og tok ein råsterk 4. plass, 7 sekund bak pallen. Jonas Frorud kom 3 sekund bak på 8. plass. I G17 gjekk Vegard Bø Marthinsen sitt livs løp og fekk ein flott 8. plass etter lenge å ha kjempe om pallen. Dette blir ein spanande mann framover. Godt var det også å sjå at Tone Dalen leverte på høgt nasjonalt nivå når ho skøyta seg inn til 6. plass, bare slått av løparar tilknytta juniorlandslaget. Mange topp 10. plasseringar på laurdag altså!


Her står dei raskastepå laurdagens 10 km friteknikk. Andrew Musgrave (til høgre) satte nordmennene på plass, medan Finn Hågen Krogh (til venstre) var norgesmester. Ånund (i midten) tok ein glimrande sølvmedalje.

På søndag var det stafett, og gymnaset var spreidd for alle vindar på sine heimkretsar. Agder og Rogaland sitt jentelag hadde Tone Dalen på første, så Thora Sivertsen, Torunn Birkenes og Tina Watne Moe. Dette laget endte til slutt på 25. plass. Maiken Caspersen Falla gjekk tredje etappe og tok sølv med sin heimkrets Akershus etter at dei på siste etappe tapte eit spurtoppgjør mot Sør-Trøndelag.

På guttesida stilte Agder/Rogaland med Anders Bødtker, Eivind Knutsen, Andrew Musgrave og Jon-Inge Vetrhus. Her var det over 100 lag med, og Bødtker veksla etter første etappe på ein sterk 3. plass. Musgrave fekk også andre beste etappetid og laget endte til slutt på ein finfin 13. plass. Endå betre enn det gjorde Østfold det, som hadde 3 Hovden Gutar på laget. Espen Frorud gjekk andre etappe og fekk 4. beste etappetid, men den store skrellen gjorde Jonas Frorud då han fekk beste etappetid på tredje-etappe.Lars Nymoen gjekk siste-etappe og laget fekk til slutt ein 10. plass, noko som ikkje er kvardagskost for lag frå Østfold. Men endå betre enn dette, gjorde laget som kom frå Telemark/Vestfold. Der gjekk også eit par gutar frå Hovden. Sindre Høgset gjekk 3. etappe og Ånund Lid Byggland siste-etappe. Ånund gjekk laget opp 5. plasser og endte opp med ein råsterk 6. plass. Stafetten vart vunne av Akershus.

Fullstendige resultatlister frå både torsdag og laurdag og søndag finn dokke i høgre kolonne på arrangørens heimeside www.nmjr2010.no/.


3 av stafettløparane Agder/Rogaland. Frå venstre, Thora Sivertsen, Tone Dalen og Tina Watne Moe.


Ein utruleg god prestasjon av gutane frå Østfold. Frå venstre, Markus Johansen Westgaard, Espen Frorud, Jonas Frorud og Lars Nymoen.