Hovden med 11 juniorer kvalifisert til Norgescupfinale!
Til helga er det Norgescupfinaler for junior på Tolga. Og Hovden Skigymnas og Team Hovden er godt fornøygde med å ha 11 kvalifiserte til denne finalen.
Ein kan seie mykje rart om langrennslinja på Hovden. Jordnære utøvarar, trenarar med pussige dialekter, utøvarar både frå Østfold og Skottland, ja til og med frå Vinje og Høydalsmo. Men det som er heilt sikkert er at mange er ganske så gode å gå på ski her. I år som i veldig mange år har Hovden fått kvalfisert eit tosifra antal til Norgescupfinalene. For å få til det, må man kome blant dei 30 beste i Norgescupen i sin klasse. Og det er ingen enkel oppgåve. Her er navna på dei kvalifiserte:
Tone Dalen
Thora Sivertsen
Ånund Lid Byggland
Maiken Caspersen Falla
Andrew Musgrave
Trygve Henden Gaasø
Anders Bødtker
Espen Frorud
Sindre Høgset
Jonas Frorud
Vegard Bø Marthinsen
Verdt å merke seg er det at i den tøffe eldre junior-klassen for gutar er heile 5 stk kvalifiserte frå Hovden Skigymnas. 3 av dei er inne på topp 8, nemlig Ånund Lid Byggland (6. plass), Andrew Musgrave (7.plass) og Espen Frorud (8. plass). Distansane som skal gåast er junior-NM-sprint på laurdag, og ein duathlon på søndag. Det blir årets første duathlon for mange, så det blir spanande.

Dei to pallplasseringane frå junior NM Ånund Lid Byggland og Andrew Musgrave stiller i Tolga. Ifølge sammenlagtlistene er også juniorverdensmester Pål Golberg (til høgre) også å finne på startstrek førstkomande helg.